Fylkeskulturkonferanse 25. november i Molde

25/11 2021 11:00 - 15:30
Scandic Alexandra Molde
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til årets fylkeskulturkonferanse. I år arrangerer vi tre fysiske konferanser, i Ålesund, Kristiansund og Molde.

Kva betyr kulturen i FN sine berekraftsmål?

I den tredje og siste fylkeskulturkonferansen i haust vil det vere særleg merksemd på den sosiale dimensjonen av berekraftsmåla. 

Den sosiale berekraftsdimensjonen har lenge vore i skuggen av både miljømessig og økonomisk berekraft, og når det sosiale blir omtalt kjem gjerne kulturen lite fram. Å delta på kultur- og idrettsaktivitetar er ein måte å oppleve inkludering og heve livskvalitet på. Kunst, kulturbruk og fysisk aktivitet fremmer god helse, og kan vere ein unik inngang for å skape gode liv og ønska samfunnsutvikling. 

Denne dagen vil ta utgangspunkt i lokale og regionale aktørar i fylket som skal vise frå sine verksemder og visjonar. Saman med Line Anni Solbakken i KS, Molde kommune og fylkeskommunen sin eigen berekraftseksjon vil dei ulike presentasjonane bli løfta opp og bli gjenstand for inspirasjon til vidare arbeid.

Program ligg nedst på sida.

Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv deltek på alle tre konferansane. Deira tilnærming vil synleggjere korleis dei jobbar med fleire dimensjonar av berekraft og korleis dette er avgjerande for deira breie forankring og suksess. Miljødimensjonen har lenge hatt fokus grunna reelle, store utfordringar med cruisetrafikken. No melder samarbeidspartar og lokalsamfunn behov for eit breiare perspektiv på berekraft som også sikrer levande lokalsamfunn og utvikling i andre sektorar. Stiftinga jobbar målretta med dette, og vil dele arbeidet med publikum. Les meir på om Norsk fjordsenter på nettsida deira (lenke opnast i ny fane).

På same dag og stad kl. 16.30–19.30 vil det bli eit kunstnartreff for profesjonelle kunstnarar i fylket. Stipendmottakarar frå 2020 vil presentere prosjekt. Påmelding til dette vil komme seinare. 

Vi tek atterhald om endringar i programrekkefølga.

Meld deg på i skjema under. Påmeldingsfrist er 19. november.

Påmeldingsskjema
20 påmeldinger

Dokumenter

Kontakt