Kampen om sjøareala - nasjonal plankonferanse

26/10 2021 09:00 - 27/10 16:00
Molde, Scandic Seilet
Skriv ut

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar til nasjonal plankonferanse i Molde 26. og 27. oktober 2021. 

For å vite korleis vi skal nytte sjøareala våre på den rette måten, treng vi kunnskap om marine økosystem, arealforvaltning og interessekonfliktar. Vi har laga ein nasjonal arena der politikarar og saksbehandlarar kan møtast, få den nyaste informasjonen og kan dele erfaringar.

Det blir ein hybridkonferanse med både digital og fysisk deltaking. Smittevernreglar rundt Covid-19 blir følgd i tråd med nasjonale føringar. Det vil bli gjort opptak av konferansen som blir lagt ut denne siden i etterkant. 

Kontaktpersonar: 

Møre og Romsdal fylkeskommune: Pernille Eriksdatter Giske (kontaktinfo under)
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: Anne Grete Kleven, 71 25 84 77, fmmrankl@statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Her kan du sjå opptak av konferansen: 

Dag 1:

Dag 2:

Program 26. oktober

Konferansier: Terje Sporsem

09.00 Registrering
10.00 Velkommen og praktisk informasjon v/Terje Sporsem
10.20 Opning v/Else-May Norderhus, statsforvaltar i Møre og Romsdal
10.30 Klima- og naturkrise - skal havet redde oss? v/Dag O. Hessen, Universitetet i Oslo
11.00 Pause
11.30 Økosystembasert forvaltning og styring - ei urealistisk luftspegling eller ei naudsynt justering for å løyse naturkrisa og klimakrisa, v/ Øystein Aas, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet
12.00 Energiproduksjon i sjø - typer, utfordringar og kommunane sitt handlingsrom v/Anders Bakken Hekland, Norges vassdrags- og energidirektorar
12.30 Lunsj
13.30 Akvakulturnæringa skal vokse - behov, teknologi og utfordringar v/Andreas Heskestad, Stiim Aquacluster
14.00 Hjelp! Eg har fått ein AK-søknad - tips og triks til behandling i kommunen, v/Rebekka Varne, Fylkeskommunanes akvakultursamarbeid
14.30 Pause
15.00 Kven styrer kysten? Grensegang mellom plan- og bygningslova og sektorlovverket v/Ingunn Myklebust, Universitetet i Bergen
15.30 Marine verneområder - kva må til for å oppnå positive effektar? v/Alf Ring Kleiven, Havforskingsinstituttet
16.00 Takk for i dag
Program 27. oktober

Konferansier: Terje Sporsem

09.00 God morgon v/Terje Sporsem
09.10 Det forunderlege havet - Havforvaltning på naturen sine premissar v/Pia Ve Dahlen, Lei en biolog.
09.40 Rettleiar om arealplanlegging i sjø og anna nytt om sjø frå planavdelinga i KMD v/Kristin Nordli, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
10.10 Konsekvensutgreiingar i sjø på 1-2-3 v/Eva-Beate Rundereim Torsvik, Fiskeridirektoratet
10.40 Pause og utsjekk
11.10 Marine grunnkart - kvifor, korleis og derfor v/Hanne Hodnesdal, Kartverket
11.40 NiN - om verktøyet og praktisk nytte for forvaltninga v/Trine Bekkby, Norsk institutt for vassforskning
12.10 Nye artar til oppdrett - arealbehov, miljøomsyn, samfunnsinteresser v/Lars Olav Sparboe, Akvaplan NIVA
12.45 (12.40: Kva har vi lært så langt? v/Terje Sporsem og Arild Hoksnes). 12.45: lunsj
13.45 3D-modellering av strandsona v/Martin Vestnes Sæter, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
14.15 Alta kommune om interessekonflikter og medverknad v/Veslemøy Grindvik, Alta kommune
14.45 Om tida og vatnet - Beretninga om vår framtid v/ Andri Snær Magnason, forfattar og filmskapar
15.15 Oppsummering og avslutning v/ Marit Nerås Krogsæter, leiar kultur, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune
15.30 Takk for no og vel heim! v/Arild Hoksnes
Program for kvelden 26.10 (gjeld fysisk deltaking i Molde)
16.20 Oppdag Molde på eigahand (tips: byvandring, Romsdalsmuseet, bar Seilet, treningssenter, Moldebadet)
19.00 Smak av Møre og Romsdal
19.30 Middag og underhaldning med Norske hemmeligheter

Kontakt