Kurs: Innovative innkjøp som strategisk verktøy for å nå overornda mål (modul)

5/10 2021 10:00 - 14:00
Molde, fylkeshuset rom 102
Skriv ut

Denne modulen passar for: leiarar

Innhald

Innkjøp kan vere med på å oppfylle overordna mål og strategiar for offentlege verksemder og for samfunnet som verksemda er ein del av.  Kurset vil ha ei praktisk tilnærming til korleis du kan bryte ned mål, strategiar og vedtak til  konkrete mål for det innovative innkjøpet.  Kva rolle har leiinga i den offentlege verksemda når innkjøpet skal vere tydeleg på å nå overordna mål? Korleis engasjerer vi leiinga,  og når involverer vi leiinga i innkjøpsprosessen?

  • Kort gjennomgang av forankringsverktøyet utvikla av Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP) for å sikre forankring og involvering av leiinga i innovative innkjøpsprosessar
  • Korleis gir mål, strategiar og vedtak retning for konkrete innkjøp, og kva rolle har leiinga i innkjøpsprosessen?
  • Korleis kan vi «bryte ned» og gjere overordna mål konkrete i eit  innkjøp?
  • Kvifor er det å sette mål viktig og kva ambisjonsnivå skal vi legge oss på i innkjøpet?
  • Korleis sikre at løysinga som er utvikla gjennom innovasjon blir tatt i bruk, og korleis sikre at vi kan måle effekten?

Dette er ein modul i kursserien Innovative innkjøp. Sjå alle modulane på mrfylke.no/kalender.

Kurshaldar: Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP) v/ Hilde Sætertrø
Arrangør: Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt