Nyttårskonferansen 2022

11/01 2022 11:30 - 12/01 12:00
Scandic Hotel Seilet
Skriv ut

Nyttårskonferansen 2022 vil bli arrangert på Scandic Hotel Seilet, 11. - 12. januar 2022. 

Møre og Romsdal 2025 arrangerer Nyttårskonferansen for fjerde gong og sentrale tema i 2022 er berekraft, innovasjon og ung deltaking.

Til Nyttårskonferansen 2022 inviterer vi toppleiarar i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal - ordførarar, rådmenn/kommunedirektørar, leiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, Fylkesutvalet, Mørebenken, Ungdomspanelet, og leiinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Konferansen blir arrangert av programmet Møre og Romsdal 2025 og programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, NAV, Ungdomspanelet og KS.

Vi har møterom tilgjengeleg for dei som ønsker å legge møter til konferansedagane og fasiliterer gjerne møter for dei som ønsker det. 

Inviterte til konferansen kan melde seg på her

Snarvegar

Kontakt