Elevrådskonferansen 2021

4/10 2021 09:30 - 5/10 15:00
Vestnes Fjordhotell
Skriv ut
bilde med teksten Elevrådskonferansen 2021

Er du leiar eller nestleiar i elevrådet ved din vidaregåande skole, så kan du bli med på elevrådskonferansen 4.-5. oktober. 

Målet med elevrådskonferansen er å gi deg som leiar eller nestleiar i elevrådet

  • ein tryggleik i rolla som leiar/nestleiar
  • verktøy til å kunne påverke på din skole
  • eit innblikk i fylkeskommunen sitt arbeid på dei vidaregåande skolane
  • eit nettverk på tvers av dei vidaregåande skolane i fylket

Konferansen skal styrke elevrådsarbeidet i skolen gjennom nettverk på tvers av dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal.

Overnatting, reise og smittevern

Overnatting og mat blir dekt av fylkeskommunen, og kvar enkelt skole må dekke reisa. Smittevern blir vareteke, men nokon elevar må vere førebudd på å bo på rom med ein frå ein anna skole (to elevar på kvart rom).

Sjå programmet her.

Frist for påmelding er 30. september.

Har du spørsmål, så ta gjerne kontakt med elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden.

Du kan også gi beskjed om du allergiar eller om det er andre ting vi bør vite om. 

Påmeldingsskjema
33 påmeldinger
Kva rolle har du i elevrådet?

Kontakt