10. klassingar får hjelp til å finne ut kva dei skal bli

Meir enn 100 bedrifter hjelper 2.000 elevar i ungdomsskulen med å ta eit yrkesval på Karrieredagane i Surnadal, Ålesund og Volda. 

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune har invitert alle ungdommar på 10. trinn til å delta på Karrieredagane, i samarbeid med arbeidsliv, kommunar og organisasjonar. Over hundre bedrifter, organisasjonar og skolar stiller med stand på arrangementa i Surnadal, Ålesund og Volda. 

- Målet er å gi elevane eit realistisk og levande bilete av kva  utdanningsmoglegheiter og karrierevegar som finst i fylket. Det gjer vi ved å vise dei mangfaldet som er i næringslivet både i privat og offentleg sektor, seier Rose Mari Skarset, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Smittesituasjonen sette ein stoppar for Karrieredagane i Molde og Kristiansund, men arrangementa går som planlagt i Volda og i Ålesund og har allereie gått av stabelen i Surnadal. Rundt 2000 elevar frå ungdomsskolen, og elevar i vaksenopplæringa er inviterte. 

- I Surnadal fekk ungdommane teste lastebilsimulator, prate med politiet og lage eit budsjett med banken. Elevane får altså både sjå og erfare kva yrker som finns i bedriftene, og kva arbeidsoppgåver som skjuler seg bak yrkestitlane, seier Skarset.

Eit poeng er å motivere dei til å ta det rette valet av vidaregåande opplæring. 

-  Sjansane til å lukkast er best når elevane er motiverte og ser kva veg dei kan gå etter ungdomsskolen.  

Velje utradisjonelt 

- Vi håper også at arrangementet skal få  ungdommane til å reflektere over tradisjonelle utdanningsval – og inspirere dei til å velje etter eiga interesse, uavhengig av kjønn og etnisitet, seier Skarset.

Arrangementet går av stabelen i Volda, 29.- 30. september og Ålesund, i  den 6.-7. oktober. 

I tillegg til å arrangere Karrieredagane, tilbyr fylkeskommunen også hospitering i vidaregåande skole og har utarbeidd eit arbeidshefte som skal hjelpe elevane å velje vidaregåande opplæring. 

 

 

Kontaktperson for Volda, Søre Sunnmøre: Torill Engeseth, e-post torill.engeseth@hivolda.no, mobil 45806705

Kontaktperson i Ålesund, Nordre Sunnmøre: Jorunn Øren, e-post  jorunn.oren@mrfylke.no    Mobil 48955952

Snarvegar

Kontakt