Bedrifter kan få støtte til å realisere grøn innovasjon

Vi inviterer bedrifter til dialogseminar om kva Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Regionale forskingsfond kan tilby av rådgiving og støtte til grøne innovasjonsprosjekt.

Skriv ut

-Vi står midt i ei omstilling til ein grøn økonomi, med merksemd på lågutslepp og nye løysingar. Nyskaping og omstilling er risikabelt, og risikoavlastning er viktig for å kunne realisere nye prosjekt, noko det offentlege kan hjelpe med, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og sekretariatsleiar i Regionale forskningsfond Møre og Romsdal, Øyvind Herse. 

På seminaret får du informasjon om aktuelle verkemidlar og moglegheiter og korleis du kan utvikle prosjekt frå idé til realisering. Du får også høyre erfaringar frå andre forskings- og innovasjonsprosjekt.

Bedrifter treng ikkje å ha erfaring med forsking- og innovasjonsprosjekt for å delta.

Klikk for å kome til påmelding: 

Ålesund: Skansekaia 4A, 25. oktober kl. 08:30 – 11:00 (frokost frå kl 08:00)

Molde: ProtoMore -  Britveien 4, 25. oktober kl. 14:00- 16:00 (dette arrangementet er også digitalt)

Kristiansund: Kulturfabrikken – Fosnagata 35, 26. oktober kl. 14:00 -16:00 (lett servering)

Kontakt