Ber om faste møte med Mørebenken

Fylkesordførar Tove-Lise Torve ber den nye Mørebenken sette av tid til faste, årlege møtepunkt med fylkeskommunen.

Skriv ut

Ho ser føre seg eit møte rundt årsskiftet, gjerne knytt til den årlege nyttårskonferansen, og eit i løpet av sommaren.

I eit brev til dei åtte stortingsrepresentantane gratulerer fylkesordføraren dei med den store æra og den viktige oppgåva med å representere Møre og Romsdal i Noregs nasjonalforsamling.

- Som fylkesordfører ønsker jeg et tett og godt samarbeid med Mørebenken. Derfor vil jeg på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune invitere dere til tett dialog i aktuelle saker som er viktige for utviklingen i fylket vårt, skriv ho i brevet.

Av saker nemner ho rammevilkår for næringslivet, statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal, arbeidet med berekraft, behovet for styrka nettkapasitet og ny fornybar energi, styrking av ferjefinansieringa, behovet for opprusting av fylkesvegnettet, grøn omstilling og moglegheitene knytt til havet, samt behovet for satsing på kunnskap, forsking og utvikling.

Fredag 1. oktober skal det 166. storting tre saman. Dei åtte politikarane som representerer Møre og Romsdal på Stortinget i den neste fireårsperioden, er Per Vidar Kjølmoen (Ap), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Sylvi Listhaug (Frp), Frank Sve (Frp), Helge Orten (H), Jenny Klinge (Sp), Geir Inge Lien (Sp) og Birgit Oline Kjerstad (SV).

Kontakt