Ber Staten løyve tilskot for å redusere bompengetakstane

Innbyggarane på Nordøyane får ikkje nyte godt av lågare ferjetakstar. Det meiner fylkeskommunedirektøren er urimeleg. No ber han Staten løyve eit tilskot for å redusere bompengetakstane på Nordøyvegen.

Skriv ut

Han ber politikarane om fullmakt til å søke om reduksjon av bompengetakstar. Beløpet svarer til 25 prosent reduserte ferjetakstar i ferjesambanda som blir avløyst av Nordøyvegen.

Samtidig varslar han at det blir lagt fram ein bompengeproposisjon for Stortinget, slik Fylkestinget har vedtatt. I vedtaket frå 2018 står det at «Fylkestinget legg til grunn at bompengeinntekter kan aukast gjennom auka takstar i samsvar med ferjetakstane i 2018, pluss justering for autopassregulativet og ei viss forlenging av bompengetida gjennom framlegging av ein tilleggsproposisjon våren 2019. (...) Restbeløpet vert lagt til når behandling av tilleggsproposisjon er gjennomført.»

Grunntakstane er i den nye proposisjonen (takstar i føregåande proposisjon i parentes):

  • Takstgruppe 1: 200 kroner (140 kroner)
  • Takstgruppe 2: 600 kroner (280 kroner)
  • Gjennomsnitt per passering: 163 kroner (116 kroner)

Ettersom ferjetakstane har gått ned, meiner fylkeskommunedirektøren at det er urimelig at det skal koste meir for innbyggarane på Nordøyane:

- Nordøyvegen er truleg eit av veldig få ferjeavløysingsprosjekt i Noreg som blir ferdigstilt på eit tidspunkt då ferjetakstane akkurat er sett ned og skal ytterlegare ned dei næraste åra. Fylkeskommunane får om lag kompensert nedgangen i ferjetakstar på 25 prosent, men ferjeavløysingsmidlane ligg fast, det har KMD stadfesta.

- På Nordøyane får ein dermed ein urimeleg effekt for innbyggarane når ferjene vert avløyst av veg med bompengebetaling. Fylkeskommunedirektøren meiner derfor at staten nå bør kunne vri desse pengane om til eit tilskott til å redusere gjennomsnittleg bompengetakst. Det betyr å vidareføre tilskottet vi allereie no får til dekning av reduserte ferjetakstar, også etter at Nordøyvegen er opna for trafikk, skriv fylkeskommunedirektøren.

I oppsummeringa av saka nemner fylkeskommunedirektøren to forhold som tilseier at det bør fremmast ein bompengeproposisjon.

  1. Møre og Romsdal fylkeskommune må bære risikoen for at bompengeinntektene ikkje blir så høge som lagt til grunn då bygginga av vegen vart vedtatt. «Sjølv om risikoen for at fylkeskommunen sin garanti skal komme til utbetaling som følge av bortfall av bompengeinntekter er vurdert som låg, vil det likevel alltid over ein så lang periode vere ein viss risiko», ifølge saksframlegget.
  2. Finansieringsbidraget frå innsparte hurtigbåtmidlar bli noko redusert, sjølv om tilskot frå Staten ved nytt båttilbod til mellom anna Store Kalvøy, blir heldt oppe. «Det vil likevel vere usikkerheit knytt til ny båt- og ferjenøkkel i inntektssystemet fram til statsbudsjett 2022 er lagt fram, og også vidare fram i tid», ifølge saksframlegget. 

Les: Vil etablere ei lokal båtrute når Nordøyruta avviklast.

Saka skal behandlast i samferdselsutvalet 4. oktober, deretter i fylkesutvalet 18. oktober og i fylkestinget 19. oktober.

 

Her er bompengetakstane, og rabattordningane:

  • Takstgruppe 1*: 200 kroner
  • Takstgruppe 2**: 600 kroner
  • Nullutsleppsbilar betalar 50 % av takst
  • Tak på 40 passeringar per kalendermånad. Passeringer eit enkelt kjøretøy har utover dette talet, blir gratis
  • Bompengeperiode på 25 år – starter innkrevjinga når heile vegen opnar 27. august 2022
  • 20 % rabatt for konvensjonelle kjøretøy i takstgruppe 1, med autopassavtale
  • Bomstasjonen på Skjeltene er den einaste bomstasjonen – du køyrer gratis mellom øyane

* Takstgruppe 1:

  • Kjøretøy med tillate totalvekt på inntil 3.500 kg, samt alle bilar uavhengig av vekt i kjøretøygruppe M1.
  • Tyngre bilar: For at kjøretøy over 3.500 kg i kjøretøygruppe M1 skal inngå i takstgruppe 1, stilles det krav om elektronisk brikke og gyldig avtale.
  • (Kjelde: autopass.no)

** Takstgruppe 2

  • Kjøretøy med tillate totalvekt over 3.500 kg, med unntak av bilar som er registrert i kjøretøygruppe M1.
  • Obligatorisk brikke: Kjøretøy som er registrert på føretak eller brukast i næring, må ha elektronisk brikke med gyldig avtale for takstgruppe 2.
  • (Kjelde: autopass.no)

Snarvegar

Kontakt