Enova-midlar til to prosjekt i Møre og Romsdal

To selskap som planlegg fullverdige produksjonsanlegg for hydrogen til sjøtransport i Møre og Romsdal, har kvar fått inntil ein million kroner i støtte frå Enova.

Skriv ut

Green H AS planlegg hydrogenknutepunkt i Kristiansund, mens Norwegian Hydrogen AS planlegg maritime kontaktknutepunkt på Vestlandet, konkret i Møre og Romsdal.

Enova har gitt til saman 15 prosjekt støtte på inntil ein million kroner. Det var til saman 29 søkarar til forprosjektmidlane, ifølge ei pressemelding frå Enova.

No skal dei 15 prosjekta få moglegheit til å jobbe fram prosjekta sine enda meir detaljert. Seinare i år lyser Enova ut ein større konkurranse om investeringsstøtte for knutepunkt. Målet er to til fire knutepunkt for maritim hydrogen langs kysten. Enova set av maks 150 millioner kroner i støtte per prosjekt til hovedkonkurransen.

Klimanøytralt i 2030

Møre og Romsdal fylkeskommune har i fylkesplanen sett seg mål å vere klimanøytralt i 2030. Fylkeskommunen har derfor bidrege inn i Green H AS sine planar for hydrogenknutepunktet i Kristiansund:

- Vår rolle er å sjå samanhengen i området der dei har tenkt å legge produksjonsanlegget. Vi har hjelpt med å finne aktørar, vise til avstandar for bruk av hydrogen og biprodukta oksygen og varme. Og så har vi bidrege i søknaden, seier Lina Vassdal, rådgivar energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ho seier at fylkeskommunen er glad for at regionen er proaktiv inn mot det grøne taktskiftet, og at Enova si beslutning om å gi tilskot syner den positive haldninga i Møre og Romsdal.

Under Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes 10. november blir det eit hydrogenarrangement på Eggen Restaurant, som ligg på toppen av Romsdalsgondolen. Både Green H AS og Norwegian Hydrogen AS deltar. Meir informasjon, program og påmelding kjem i løpet av uka.

Selskapa som fekk midlar

Green H AS er eigd av Infranordic AS (88,75 prosent) og Strakaste Vegen Holding AS (11,25 prosent). Styreleiar er Per Espen Watle.

Norwegian Hydrogen AS er eigd av Tryggestad Eiendom AS (20,97 prosent), Tafjord Kraftproduksjon AS (20,97 prosent), Flakk Gruppen AS (20,97 prosent),Hexagon Purus AS (20,97 prosent), Hofseth Aqua AS (13,98 prosent) og Astanel AS (2,09 prosent). Styreleiar i selskapet er Knut Trygve Flakk.

Snarvegar

Kontakt