Fleirtal i Smøla for å bli i Møre og Romsdal

Eit fleirtal av innbyggarane i Smøla kommune stemte måndag for å framleis vere ein del av Møre og Romsdal fylke.

Skriv ut

Resultatet av den rådgivande folkerøystinga om kva for region Smøla skal høyre til, blei slik:

  • 70,23 % stemte for Møre og Romsdal
  • 27,24 % stemte for Trøndelag
  • 2,54 % stemte blankt

Valdeltakinga var på 41,68 %.

I samband med stortingsvalet måndag 13. september, var det også i Aure kommune ei rådgjevande folkerøysting om kva for region dei skal høyre til. Resultatet frå Aure blei slik:

  • 51 % stemte for Møre og Romsdal
  • 45 % stemte for Trøndelag
  • 4 % stemte blankt

Valdeltakinga var på 75 %.