Fylkesstatistikk 2021 lagt fram: Trur pandemien bidrog til flytteoverskot i Møre og Romsdal

Covid-19-pandemien har verka inn på flyttinga innanlands og bidratt til at Møre og Romsdal i 2020 fekk eit flytteoverskot.

Skriv ut

I 2020 var det 58 fleire som flytta til fylket enn som flytta ut. Året før var talet -18, og det har vore negativt over mange år.

Fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm la måndag fram Fylkesstatstikk 2021, som viser viktige utviklingstrekk for fylket i året som gjekk. Ho ser tydeleg at Covid-19 har påverka Møre og Romsdal, og trur pandemien har prega flytteoverskotet, som er summen av den innanlandske nettotilflyttinga og netto innvandring.

- Fleire har flytta ut av sentrale strøk, Oslo har til dømes eit betydeleg flytteunderskot i 2020. Som følgje av pandemien har mange brukt heimekontor og blitt fortrulege med både nye former for digital kommunikasjon og digitale møte. Mange arbeidsgivarar og arbeidstakarar har nok fått eit anna syn på det å fysisk måtte vere til stades på arbeidsplassen. Det vil vise seg på sikt om dette får varige konsekvensar for kor den enkelte busett seg, skriv ho i fylkesstatistikken.

På fylkestinget måndag 18. oktober fekk politikarane presentert Fylkesstatistikk 2021.

- Fylkesstatistikken tek «pulsen» på fylket. Vi har ambisjon om at fylkesstatistikken skal vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for politikarar, kommunar og andre samfunnsaktørar i Møre og Romsdal, seier Sjåholm.

Fylkesstatistikken er meint som eit arbeidsverktøy for kommunane, næringslivet og media, samt andre som har behov for oppdatert statistikk i sitt arbeid.

- Med fylkesstatistikken ønsker vi å overvake utviklingstrekk som vil ha konsekvensar for Møre og Romsdal. Dette gjeld mellom anna folketalsutvikling, sysselsetting og arbeidsmarknad, pendling, utdanningsval, bustadbygging og kommuneøkonomi, seier fylkesplansjefen.

Snarvegar

Kontakt