Ingvild, Stine, Cecilie og Marie skal tale ungdommen si sak i politisk utval

Dei nyvalde elevrepresentantane brenn for skolekvardagen og utdanningstilbodet i fylket. Dei er ungdommen si stemme i utdannings- og kompetanseutvalet i året som kjem.

Skriv ut

Representantane, som nyleg vart valde på Elevrådskonferansen, har møte- og talerett i saker som angår ungdom.

Dette er dei opptatt av:

Stine Longva Veddegjerde, Ålesund videregående skole:

- Eg er opptatt av at det ikkje blir kutta i utdanningstilbodet i fylket, for då kuttar dei også i framtida for ungdom. Dessutan ønsker eg å få bort obligatorisk framandspråk i vg3 studieførebuande, for dei som ikkje hadde dette i ungdomsskolen.

Ingvild Jensås, Atlanten vidaregåande skole:

- Eg har ikkje ei spesifikk sak eg vil fronte, men det er viktig for meg at ungdom blir høyrt. Eg vil bruke mi stemme for fleire, uansett kva sak det måtte vere.

Cecilia Lövström, Hustadvika vidaregåande skole, vara:

- Dei siste åra har yrkesfaglege linjer på «bygdeskolane» blitt ramma av budsjettkutt. Eg vil ha auka fokus på desse linjene, og passe på at det ikkje blir meir kutt. Den vidaregåande skolen skal bli enda betre enn den er i dag, og vi må ikkje stoppe før alle får ein best mogleg skolekvardag.

Marie Gjerset Gjelstenli, Haram vidaregåande skole, vara:

- Eg brenn for at ungdom skal ha det så bra som mogleg på skolen, at ingenting skal kunne stoppe dei for å kunne lære mest mogleg og trivast godt.

I tillegg til møte- og talerett, kan ungdommane svare på spørsmål får politikarane.  Ungdomspanelet og elev- og lærlingombodet vil også vere ungdommen sitt talerøyr i utvalet.

Kontakt