- Kan bli lønnsamt med hydrogenanlegg på Smøla

Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg levert eit businesscase - eit forretningsgrunnlag - for eit produksjonsanlegg for hydrogen i Vikan hamn på Smøla.

Skriv ut

- Businesscaset viser at det ligg til rette for eit slikt anlegg på Smøla, dersom nokon kan bruke hydrogenet – og dersom det vi har føresett er på plass, seier Lina Vassdal, rådgivar energi i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Businesscaset, som er ein del av fylkeskommunen si deltaking i Interreg-prosjketet G-PaTRA (Green Passenger Transport in Rural Areas) er laga som eit underlag for dei som planlegg produksjonsanlegg for hydrogen i Vikan hamn på Smøla, og som vil vurdere om det er lønnsamt å investere. Men caset kan og brukast kvar som helst i verda.

«Det er framleis mykje som må på plass før eit produksjonsanlegg for hydrogen kan bli realisert, men det er mogleg å gjere det lønnsamt. Og det kan vere eit stort bidrag til betre miljø med mindre forureining», ifølge businesscaset.

Føresettingar som må vere på plass, er:

  • Tilgjengeleg areal (vurderast som oppfylt): Vikan industripark er på 54.600 m2, mens det for produksjonsanlegget er behov for 1.400 m2.
  • Tilgang på grøn energi (vurderast som oppfylt): Smøla vindenergipark kan levere 100 prosent nullutsleppsenergi.
  • Brukarar av hydrogen (vurderast som delvis oppfylt): Det er per i dag ingen brukarar av hydrogen. Det er forventa at den maritime aktiviteten i Vikan vil auke.
  • Brukarar av biprodukta varme og oksygen (vurderast som delvis oppfylt): Dagens oppdrettsanlegg på Smøla og planlagt industri i Vikan med smolt-, oppdretts- og slakteanlegg, vil kunne gjere seg nytte av biprodukta varme og oksygen.
  • Teknisk modning (vurderast som delvis som oppfylt): Det er få skip, båtar, bussar og lastebilar som kan nytte hydrogen som drivstoff i dag, sjølv om det er teknisk mogleg.
  • Tiltrekkande og konkurransedyktig pris (vurderast som oppfylt): Produksjonsanlegget må bli lagt til Vikan for å få hydrogen til ein pris som er forlokkande.
  • Lønnsamheit (vurderast som oppfylt): Må produsere og selje minst 1.000 kilo per dag til minimum 50 kr. per kilo – og må få avsetning på biprodukta.

I rapporten blir det konkludert med at:

  • Vikan hamn vil vere eit knutepunkt for fartøy som seglar langs norskekysten. Den geografiske plasseringa er god både for påfyll av drivstoff og for eksport.
  • For å få ein lønnsam produksjon, må produksjonsvolumet bli skalert opp meir enn tidlegare estimat har tatt høgde for. Men etter kvart som den teknologiske utviklinga tar nye steg, kan lønnsamheita bli betre.
  • Produksjonsvolumet er tett knytt til kostnadane, og det er usikkert kva for etterspørsel det er for hydrogen i regionen.
  • For å auke sjansane for lønnsamheit, må biprodukt seljast for å generere inntekt. Prosjektet må i framtida inngå avtalar om sal med lokal industri. Det vil også vere av interesse å utforske om det er mogleg å ha ein strømleverandør, for eksempel Statkraft, som deleigar av hydrogenanlegget for å sikre gode- og langsiktige strømavtaler.

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått midlar gjennom EU-prosjektet G-PaTRA for å lage businesscaset. 13 partnarar frå Storbritannia, Nederland, Danmark, Tyskland, Norge og Belgia deltar i G-PaTRA.