- Landjorda er brukt opp, no må vi snu oss mot havet

Det er ikkje meir landjord igjen til auka produksjon av matvarer. I tiåra framover må vi derfor hauste meir av det havet gir oss.

Skriv ut

Det er bodskapet frå professor og biolog Dag O. Hessen ved UiO. Når han innleier for deltakarane på sjøplankonferansen «Kampen om sjøareala» 26. og 27. oktober i Molde, vil han understreke det store ansvaret som arealplaneggarane rundt om i heile landet har: Å forvalte i eit langsiktig perspektiv, i ein heilskap og med kunnskapen som basis.

Bekymra for økosystemet

Hessen tar til orde for at vi ikkje berre har ei klimakrise, men også ei naturkrise. Han forklarer:

- Vi må sjå klima og natur i samanheng. Og kanskje har det, med god grunn, vore mest fokus på klima og CO2, som på sett og vis er det mest akutte. Men samtidig har vi eit naturtap, eller ei øydelegging av naturen, som skjer verda over. Svært ofte tenker vi at det dreier seg om tap av nokre karismatiske artar, kanskje raudlisteartar. Det er snakk om tap av eit mangfald, som sjølvsagt er synd, men vi treng likevel meir merksemd kring sjølve naturtapet.

Det er økosystemet han er bekymra for.

- Grunnen til at det heng saman, er at havet og landjorda tar opp halvparten av  utsleppa våre av CO2. Viss det ikkje hadde vore for den formidable tenesta som økosystemet gjer, så hadde temperaturen og innhaldet av CO2 i lufta vore vesentleg høgare. Det er eit kjempeargument for å ta vare på intakte økosystem. Viss det blir svekka, så slår det inn på klimaet og forverrar det også, seier Hessen.

Mindre synleg krise

Han argumenterer for at vi har ei naturkrise i havet.

- Fordi ho er under vatn, så er ho mindre synleg. Og kanskje mange har tenkt at det primært handlar om plast. Plast er eit viktig forureiningsproblem, men det er ikkje der hovudproblemet ligg. Ein del av naturkrisa skuldast eit dramatisk fall i bestandar av planter og dyr verda over. Ikkje først og fremst i form av utrydding av artar, men at det blir mindre av bestandane.

Hessen nemner tre hovudproblem i havet; det blir varmare, det blir surare og vi har overhausta havet.

- Vi haustar ofte på toppen av næringskjedene, og det forplantar seg nedover. Vi burde ernære oss lenger ned i næringskjedene i havet.

- Landjorda er brukt opp – det er ikkje meir å gå på. Viss vi skal auke produksjonen av matvarer, i alle fall på kort sikt, så er det havet vi må ty til, seier Hessen.

- Bruk kunnskap som basis

Professoren, biologen og forfattaren maner til å ta retningsval basert på kunnskap, og at vi ikkje startar opp utan å vite at det er berekraftig.

- Eg meiner vi kan hauste djupt ned i næringskjedene. Å hauste på toppen gir mykje mindre næring enn det vi haustar lenger ned. I prinsippet burde vi kunne bruke både krill og Noregs viktigaste dyr, raudåta, til menneskeføde. Dei er jo fullverdige på protein og veldig rike på dei gunstige omega 3-fettsyrene.

- Og tang og tare, sjølvsagt. Då kjem vi enda lenger ned i næringskjeda, til primærprodusentane. Men igjen; det må vere berekraftig, påpeiker han.

Kan vere stolt i Noreg

Han meiner vi i Noreg kan vere stolte av korleis vi har prioritert forvaltninga av havareala. Sjølv om også vi starta dårleg, tok det seg opp. Som eit eksempel nemner han den nordatlantiske sildestammen, som truleg var verdas største dyrebestand, og som vi nesten klarte å fiske ned til kollaps.

- Det var fordi økonomiske- og næringsinteresser fekk styre over biologisk kunnskap. Då vi snudde på flisa, og begynte å tenke langsiktig, så bygde sildestammen seg opp igjen.

- Norsk fiskeriforvaltning og måten vi overvaker havressursane på, og har kunnskap om dei, er framifrå.

Kritisk til lokal forvaltning

- Korleis er kunnskapen i kommunane om det å drive arealplanlegging i sjø?

- Med fare for å bevege meg på tynn is, så har det vore eit problem med landforvaltning, og eg trur det er det same med arealforvaltning til sjøs: Det å skyve forvaltningsansvaret ned på lokalt nivå synest i utgangspunktet bra. Men problemet er at ein ikkje får eit heilskapleg vern. Alle kommunar tenker at nokre andre får ordne opp, og vi har gode grunnar til å bygge ut, og her er det viktig å sikre arbeidsplassar. Summen er ofte at ein får ei nedbygging med ei veldig rundhanda dispensasjonspraksis frå miljøvernlovgivinga, plan- og bygningslova og naturmangfaldslova. Mange stader er dispensasjon til bygging og anlegg regelen, meir enn unntaket, seier Hessen.

- Vi må tenke langsiktig

- Kva er framtidas havforvaltning viss vi skal oppnå ei berekraftig utvikling i sjø?

- Eg trur det kan summerast til tre ting; vi må hauste meir på lågare trinn i næringskjeda. Det andre er ei samordna forvaltning. Vi må tenke meir offensivt om marine verneområde – openbert balansert mot fiske og hausting, for det ønsker vi også. Og det tredje, der vi har vore minst flinke fordi vi ikkje har tradisjon for det: Vi må tenke langsiktig. Vi må ha ein visjon. Vi må sjå føre oss kysten om 100 år og 1000 år – kva må vi gjere for at vi skal ha eit berekraftig hav?

- Det er vanskeleg å tenke langsiktig. Jo meir lokalt, dess vanskelegare er det. Men vi er nøydde til å gjere det, seier Dag O. Hessen.

Hessen innleiar på den nasjonale plankonferansen «Kampen om sjøareala», i Molde 26. og 27. oktober. Konferansen blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

- Aukar kunnskapen

Næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Aspås, seier at sjøplankonferansen er viktig for å auke kunnskapen om dei marine økosystema våre og dele erfaringar om korleis vi skal forvalte sjøareala for å kunne hauste på ein berekraftig måte:

- Møre og Romsdal lever av havet. Vår evne til å hauste ressursar frå havet er grunnlaget for dei sterkaste næringsmiljøa og eksportnæringane våre. Samtidig har vi eit forvaltningsansvar for dei marine økosystema, seier Aspås.

- Kunnskap for å ta gode val

På plankonferansen håper miljøverndirektør Linda Aaram hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal å få svar på spørsmåla ho stiller:

- Kva skal vi ha av eksisterande og ny aktivitet langs den langstrakte kysten vår? Kva for kunnskap har vi, og kva er det vi treng av ny kunnskap for å ta gode val på vegner av naturen og framtidige generasjonar? Korleis skal vi saman få til eit berekraftig samfunn som tar vare på våre naturverdiar, samtidig som vi tek kystsona i bruk? På konferansen «Kampen om sjøareala» søker vi å finne svar på desse spørsmåla, og du er hermed invitert til å delta, seier Aaram.

Snarvegar

Kontakt