Lanserer nettside for Bypakke Ålesund

Nettsida viser korleis Ålesund skal ruste seg for å møte framtida med miljøvennlege og effektive samferdselsløysingar.

Skriv ut

I bypakken skal Møre og Romsdal fylkeskommune, Statens vegvesen og Ålesund kommune i samarbeid bruke fire milliardar kroner på å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikantane og legge til rette for auka bruk av kollektivtransport.

- Bypakken er ikkje berre eit miljøtiltak, men også eit tiltak for ønskt byutvikling, og for strategisk transportplanlegging til og frå sentrum, seier leiar for sekretariatet for Bypakke Ålesund, Nils Inge Romarheim.

På bypakkealesund.no finn ein relevante nyheiter og ein presentasjon av prosjekta fordelt på kategoriane sykkel, kollektiv, veg og trygg skuleveg. Her er kart, foto og forklaringar om dei prosjekta som er vedtatt.  Ei digital kartløysing vil kome om kort tid.

- På nettsida skal det vere enkelt å få informasjon om kva prosjekt som blir gjennomført gjennom Bypakke Ålesund og kva dette har å seie for innbyggarane og regionen, seier Kristin Sørheim, som er Møre og Romsdal fylkeskommune sin representant i styringsgruppa for Bypakke Ålesund.  

Fleire skal reise miljøvennleg

Det er eit mål frå sentrale myndigheiter å redusere biltrafikken i norske byar. Difor har bypakken i Ålesund fleire hovudmål:  

  • Bypakken skal styrke konkurranseevna til kollektivtrafikken
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og berekraftig byutvikling. 
  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.  
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod.  

Sjå nettsida til Bypakke Ålesund her.

Kontakt