Line Hoem (Ap) er ny fylkesvaraordførar

Hoem tar over vervet etter Per Vidar Kjølmoen som er valt inn på Stortinget.

Skriv ut

Etter valet har Per Vidar Kjølmoen (Ap), Geir Inge Lien (Sp) og Frank Sve (Frp) fått fast plass på Stortinget. I tillegg har Jakob Vorren fått stilling som politisk rådgivar i regjeringsapparatet.

Frank Sve vil fortsette som fylkestingsrepresentant, medan dei tre andre blir erstatta med nye representantar. Dei nye representantane på fylkestinget er: Hanne Notøy (Ap), Hege Merethe Gagnat (Ap) og Vebjørn Krogsæter (Sp).

 

Bilde av ei kvinne i svarte klede

Torve og Hoem blir dei øvste leiarane av fylkestinget

Fylkesordførar Tove-Lise Torve får no følgje av partikollega Line Hoem i dei to øvste verva i fylkestinget. Møre og Romsdal blir dermed det einaste fylket som både har kvinneleg fylkesordførar og varaordførar.

Hoem har brei erfaring som politikar frå AUF og Arbeidarpartiet, og ho er i dag gruppeleiar for partiet si fylkestinget.  Ho har vore varaordførar og fungerande ordførar i Kristiansund kommune i perioden 2011-2015, og er no inne i sin tredje periode på fylkestinget.

Kontakt