Omboda ber politikarane ta grep for å hjelpe barn som slit

Mobbeombodet og elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal ber politikarane hjelpe meir til med å gi barn og unge ein trygg kvardag. - Ta rolla som lagleiarar, er oppmodinga frå omboda.

Skriv ut

Bodskapet om å ta ansvar går til politikarar på lokalt og regionalt nivå, som eigarar av grunnskolar og vidaregåande opplæring, og til barnehageeigarar.

- Vi ser at i enkelte saker får ikkje dei unge god nok oppfølging, og barn og unge får då ikkje oppfylt rettane sine, seier mobbeombod Kristin Øksenvåg og elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden.

Felles årsrapport

Omboda har laga ein felles årsrapport for 2020-2021, som dei presenterer for fylkestinget måndag. I den peikar dei på ansvaret som ligg til eigarane av barnehagar, grunnskolar og vidaregåande opplæring, og kva dei må gjere for å følge opp.

- Politikarane, som forvaltarar av eigarskapet, har eit overordna ansvar for at barn og unge har det bra i barnehagar og skolar, seier mobbeombodet.

- Det er politikarane sitt ansvar at det er eit system, og at det er kapasitet blant dei som skal jobbe med systema. Dei må passe på for å følge opp at det er eit trygt og godt miljø rundt barn og unge, seier dei to.

Fungerer ikkje godt nok

Men i dag fungerer ikkje systema godt nok i enkelte av sakene dei er inne i, og det går ut over dei unge:

- Trygge miljø for dei unge er ofte tema som vi jobbar med. Men så ser vi dårlig saksbehandling og dårlege rutinar rundt møter, referat, informasjon og kommunikasjon. Dei unge får ei tilleggsbelastning som ikkje treng og vere der. Saka blir enda meir vanskeleg, og dei unge blir enda meir sårbar fordi rutinane ikkje er på plass. Det er personar i møte som ikkje anerkjenner og som er bevisst si rolle for å leie møtet. Og vi ser at det er mykje i saksbehandlinga som gjer at det kan bli verre for dei unge, seier elev- og lærlingombodet.

- Slike saker er tidssensitive, og det tar generelt for lang tid før barn og unge får hjelp, seier mobbeombodet. - Det handlar ofte om at laget rundt barna på ein effektiv måte ikkje klarer å samordne og sette inn koordinerte tiltak. Det kan ende med at dei mister tillit til at vaksne kan hjelpe dei og dei resignerer - dei gir opp.

Opptatt av laget

Begge omboda er opptatte av at det er eit heilt lag rundt barn og ungdom som må fungere, og at laget både har kunnskapar, motivasjon, haldningar og verdiar som skal til for å løyse sakene. Dei trekk spesielt fram den viktige jobben som skoleleiinga har:

- Dei må ha eit støttesystem, fordi det er lange, tunge og heftige saker som krev mykje for dei som skal leie prosessane. Vi ser at mange skoleleiarar blir ståande aleine over tid, at det blir konfliktar mellom partane, og at det ikkje gagnar barnet, seier mobbeombodet og elev- og lærlingombodet.

Fylkestinget møtast måndag 18. og tysdag 19. oktober i Geiranger.

Snarvegar

Kontakt