Opprettar fast beredskapsrute

Fylkesutvalet vedtok måndag å opprette ei fast beredskapsrute i vinterhalvåret på strekninga Geiranger-Hellesylt.

Skriv ut

Den faste beredskapsruta skal gå ti timar om dagen, sju dagar i veka i vinterhalvåret, og mest mogleg som den vanlege beredskapsrutetabellen. Ved særlege høve vil Møre og Romsdal fylkeskommune kunne kjøpe seg opp med ekstra turar, men då etter nærmare avtale med operatør.

Den faste beredskapsferjeløysinga kan av praktiske grunnar tidlegast settast inn frå og med januar 2022.

I dag er det i åra 2020-2023 ei eiga beredskapsløysing mellom 1. desember og 15. april med ferje mellom Geiranger og Hellesylt. Men det er ei kostbar ordning som blir godtgjort på timesbasis. Og i og med at beredskapsferja ikkje er bemanna, men blir det ved aktivering, har ferja ei responstid på fem timar.

Robust løysing

Næringslivet og befolkning/lokalsamfunnet i Geiranger ønsker ei meir robust løysing slik at det i større grad er mogleg å satse på mellom anna vinterturisme.

Fylkeskommunedirektøren skriv i sitt saksframlegg at beredskapsruta, i tillegg til å sikre befolkninga i Geiranger eit godt beredskapstilbod, i praksis bety at Geiranger-samfunnet får eit heilårstilbod på strekninga Geiranger-Hellesylt.

Fylkeskommunedirektøren skriv i sitt saksframlegg at han «har som målsetting å etablere ei slik fast beredskapsløysing for heile perioden fram til 2026, då ein som fylkesutvalet er kjent med arbeider med andre ferjeløysingar som m.a. skal ta omsyn til statlege krav om nullutslepp på fartøy som skal frå Hellesylt og inn til Geiranger.»

Den årlege kostnaden er venta å vere i intervallet 3 til 4 millionar kroner.

For å unngå ei uforholdsmessig kostbar løysing, er det ein føresetnad at ein i løysinga nyttar ei mindre, men tilstrekkeleg stor nok ferje, meiner fylkeskommunedirektøren. Han legg derfor opp til eit fartøy på om lag 20 personbileiningar.

«Dette vil også vere ei ferje som trygt kan trafikkere eksisterande kaianlegg på strekninga. Vidare leggast det opp til ei overfartstid som er føremålstenleg utan unødige utslepp», skriv han.

Kontakt