Planlegg nytt kontorbygg på nedsida av Fylkeshuset

Fylkeshuset AS planlegg eit nytt kontorbygg i Fylkeshuskvartalet. Bygget skal løyse arealutfordringane for den fylkeskommunale sentraladministrasjonen i Molde.

Skriv ut

Konseptet opnar for å bygge saman det nye kontorbygget med eksisterande fylkeshus. Kontorbygget skal ligge mellom Fylkeshuset og Julsundvegen, slik det vart skissert allereie i 2015 i eit tidleg konsept for bygging av nye rettslokale for Domstoladministrasjonen.

Tysdag 21. september orienterte fylkeskommunedirektøren politikarane om planane. I saksframlegget skriv han: «Ein kan i ei slik løysing eksempelvis få laga gode og tenlege fasilitetar på gateplan for publikum som har trong for å møte dei ulike offentlege administrasjonane med tilhald i kvartalet – alt nær busstopp, parkeringsplass mv.  Vidare vil ei slik løysing og enkelt kunne gje gode møterom mellom anna for politiske møter med plass til publikum, ny og framtidsretta AV-teknologi, alt dette som også er ein mangel i dagens bygningsmasse.»

400 P-plassar innandørs

Også utfordringane med parkering skal løysast, og dei blir ikkje mindre med målsettinga om redusert biltrafikk i sentrum og at det ikkje er ønska at uteareal skal nyttast til parkering: «Det er løysing på dette vi har i tankane når vi (...) trekker fram moglegheita til å bygge eit parkeringsanlegg under bakken øst og nordøst for et eventuelt nytt kontorbygg, legge tilbake (jord)massane oppå parkeringsanlegget og etablere eit fint og godt tenleg grønareal for dei som ferdast i området.  Dette vil, dersom det realiserast, faktisk bli eit større grøntareal enn det som er i området i dag», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.

Han skriv at parkeringsanlegget er teikna ut med plass for om lag 400 bilar. Konsekvensen er at all parkering «i dagen» på arealet vest for Aker Stadion kan fjernast, og at området kan nyttast til Aker Kulturpark.

Kontakt