Snart 90 prosent breibanddekning i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 24,05 mill. kroner til utbygging av ulike breibandprosjekt i Sunndal, Ålesund, Aure, Rauma, Molde, Hustadvika, Tingvoll, Smøla og Gjemnes.

Skriv ut

Møre og Romsdal har vore blant fylka med dårlegast dekning av breiband med høg kapasitet, men dei seinare åra har utbyggingsaktivitet vore god. Målet er at innan 2022 skal minst 90 prosent av husstandar og bedrifter i fylket ha tilgang til breibandmed kapasitet på minst 100 Mbit/s.

-Tilgang til breiband med god kapasitet er ei nødvendig teneste, på linje med straum og vatn. Skal vi ha folk til å bo og arbeide i heile fylket, må vi også ha eit godt breibandtilbod i heile fylket, seier leiar i kultur- næring og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter.

I møte 31. august 2021 løyvde utvalet 24,05 mill. kroner til utbygging av desse prosjekta:

 

       

 

 

 

Kommune

 

 

 

Område

 

Tal husstandar og bedrifter

 

 

Tilskot, inntil kroner

Tilskot, avgrensa i prosent av samla kostnad

1.1

Sunndal

Fjellgardene

29

2 425 000

58 %

 

1.2

 

Sunndal

Viromdalen /

Innerdalen

 

18

 

2 615 000

 

64 %

2

Ålesund

Helland-Remme

119

2 013 825

28 %

 

3

 

Aure

Sør-Halsnes,

Golma

 

57

 

1 898 500

 

35 %

 

 

 

4

 

 

 

Rauma

Verma, Rødstøl- Brude, Grøvdalen, Lyngheimsgjerdet- Myrbøen-Alnes,

Brøstdalen

 

 

 

57

 

 

 

2 600 000

 

 

 

40 %

 

5

 

Molde

Mordal, Sekken,

Malo-Horsgård

 

138

 

6 675 045

 

49 %

6

Hustadvika

Hustadvika

79

687 530

19 %

7

Tingvoll

Tingvoll

47

680 000

20 %

 

 

 

8

 

 

 

Smøla

Nelvika- Kongsvatnet, Kuli og Hestøya, Skjølberg,

Litlneset-Hopen

 

 

 

32

 

 

 

3 095 218

 

 

 

46 %

 

 

9

 

 

Gjemnes

Angvika - Aspåsen, Bergsøy Nord, Angvik -

Brakstad / Molde

 

 

53

 

 

1 361 250

 

 

31 %

 

Sum

 

629

24 051 368

 

 

Midlane er finansiert med 18,80 mill. kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og og 5,24 mill. kroner frå Statsbudsjettet.

Les heile saksframlegget her.

 

Kontakt