Spurte om ukultur i politikken

- Kva vil kvar enkelt politikar på fylkestinget gjere for at ungdom skal føle seg trygg i politikken? Det var eit av spørsmåla frå Ungdomspanelet.

Skriv ut

Det var Emily Stangvik, medlem av Ungdomspanelet, frå Surnadal som opna Ungdomens spørjetime under fylkestingets samling tysdag. Ho minna politikarane om at politikken også er ein sosial arena kor eit verdigrunnlag skapast, og kva for ansvar politikarane har.

- I dag er det dessverre slik at politikken ikkje berre har ein god kultur, men og ein ukultur, sa Stangvik, som meiner hersketeknikkar er eit døme på utnytting av makt. Andre eksempel på ukultur som ho viste til, var utydelege formuleringar og ikkje ærlege politikarar.

- Dersom politikarane fortsett å oppføre seg uprofesjonelt, kjem det til å bli svekka tillit til veljarane og den komande generasjonen, sa Stangvik.

- Kva vil de gjere for at ungdom skal føle seg trygg i politikken? spurte Stangvik.

Politikarane svarte:

- Alle skal føle seg trygge i politikken, om ein er ung eller mindre ung, sa Hanne Notøy (Ap).

- Det er berre eitt svar. Vi politikarar må oppføre oss, sa Håkon Lykkebø Strand (Frp).

- Vi vil ikkje ha ukulturar – alle skal føle seg trygge, sa Per Ståle Tornes (KrF).

- Vi må ha meir involvering og nulltoleranse for alt av uheldige og uakseptable situasjonar, sa Yvonne Wold (SV).

- Politisk ukultur må påtalast og svarast med politisk kultur – at dette skal vere den rådande veremåten. Respekt og folkeskikk er ikkje kjedeleg, men inkluderande på ei trygg og god måte, som gjer at unge og eldre vil vere med på dugnadsarbeidet som politisk arbeid er for heile samfunnet vårt, sa Hans Kjetil Knutsen (Sunnmørslista)

- Respekt og ærlegdom er viktige ting – la det ligge i sekken. De vil få bruk for det. Sjå på kvarandre, støtt kvarandre, hjelp kvarandre og ver gode med kvarandre. Det betyr så endeleg mykje, sa Kari Ristesund (Uavh valliste for Sunnmøre).