Tettstadseminaret: - Kommunane må prioritere investeringar som skaper stor effekt

- Dersom kommunen går for eit stort investeringsprosjekt i sentrum, må dei ha ein tanke for kva det skal brukast til og kvifor, og samtidig tenke på den arkitektoniske utforminga og miljøet rundt.

Skriv ut

Det er eit av bodskapa til nestor i norsk tettstadutvikling, Karl Otto Ellefsen, professor emeritus ved Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo, på Tettstadseminaret 30. september – 1. oktober. Møre og Romsdal fylkeskommune, i regi av Tettstadprogrammet, er  arrangør, og  temaet er ‘Frå gode intensjonar til realisering’.

Ellefsen innleier samlinga med kva som er viktig i tettstadutviklinga.

- Ei fallgruve er dersom kommunane ikkje viser omsorg for det dei har og at dei ikkje sørger for å bruke gode fagfolk.

Inntrykket hans er likevel at tettstadene i Møre og Romsdal er meir allsidige og næringskraftige enn i resten av landet, og at folk tar vare på omgivnadane sine. Det er meir så som så med kvaliteten på det nye som blir bygd, i følge Ellefsen.

Systematisk jobbing - frå plan til gjennomføring

Representantar frå både Åndalsnes, Vestnes, Molde, Ulstein og Valldal skal vise korleis dei har gått frå plan til gjennomføring i prosjekta sine.

Plansjef Gunnar Wangen frå Ørsta kommune skal presentere korleis kommunen har jobba systematisk med tettstadutvikling over tid, og fått på plass strategisk utviklingsplan,  områderegulering for sentrum og flotte byrom.

Planleggar Vivian Garnes i Ulstein fortel korleis kunnskapsgrunnlaget dei har utarbeidd skal bli ein del av kommunen sin nye sentrumsplan. Garnes deltar også i paneldebatt med om korleis kommunen kan jobbe for god sentrumsutvikling.

På kveldsprogrammet står byvandring i Vestnes sentrum.

Den 1. oktober blir det presentert ei evalueringa av Tettstadprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommunen: Den viser mellom anna at tilskot og rådgiving frå fylkeskommunen gjer det enklare for kommunane å prioritere utviklingsarbeid og realisere konkrete tiltak.

Snarvegar

Kontakt