The North West fekk 300.000 kr. i tilskott

Eit einstemmig fylkesutval i Møre og Romsdal løyvde måndag 300.000 kroner i driftstilskot for 2021 til The North West AS.

Skriv ut

The North West AS skaper møteplassar for å bygge relasjonar, heve kunnskap, dele løysingar og utfordre både etablerte sanningar og strukturar i samfunnet. Dei arrangerer årleg konferansefestivalen North West, og frå 30. august til 4. september vart den fjerde festivalen i rekka gjennomført i Ålesund.

Målet for selskapet er å vere ein arena for berekraftig regional utvikling, som skal prøve å finne svar på korleis samfunnet ser ut i framtida.

Ei viktig grunngjeving for at Møre og Romsdal fylkeskommune engasjerer seg i The North West er å bidra til å skape ein møteplass for heile Møre og Romsdal.

Fylkeskommunedirektøren skriv i saksframlegget at «Arrangementet spring ut av eit samarbeid mellom kommunane i Ålesunds-regionen, og både profilering og deltaking reflekterer framleis dette. Difor meiner fylkeskommunedirektøren det er viktig at fylkeskommunen deltek, både gjennom eit driftstilskot og gjennom å vise fram eigne satsingar og kompetanse som ein del av programmet for The North West. Arrangementet har potensiale til å ta større plass og profilere heile Møre og Romsdal både nasjonalt og internasjonalt, og det bør fylkeskommunen bidra til.»

The North West AS blei oppretta i 2017 og er eigd av Ålesund kommune (72,16 prosent), Møre og Romsdal fylkeskommune (20,61 prosent) og Sula kommune (7,21 prosent).

Kontakt