Ungdom løfta psykisk helse på dagsordenen

Leiar av Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Hedda Haugen, ville vite kva for tiltak fylkestinget kan sette i verk for å styrke den psykiske helsetenesta i fylket.

Skriv ut

Ho fortalte under Ungdomens spørjetime at mange ungdom rundt om i fylket slit psykisk og slit med å få hjelp av spesialisthelsetenesta.

- Når dei endeleg blir tilvist, så får dei ikkje hjelp og beskjed om at dei ikkje er sjuke nok for å få den hjelpa dei sjølv meiner er rett, sa Haugen i fylkestinget.

Haugen peika på at 639 personar i Noreg i fjor døyde etter sjølvmord. Ho ville vite kva for tiltak fylkestinget kan sette i verk for å styrke den psykiske helsetenesta i fylket.

Dei politiske partia fekk svare etter tur. Aurora Dimmen Bratli (Ap) sa at fylkeskommunen ikkje har ei direkte påverknad på den psykiske helsetenesta i fylket.

- Det er helseføretaket som har ansvaret for barne- og ungdomspsykiatrien, og kvar enkelt kommune som har ansvaret for skulehelsetenesta i dei vidaregåande skolane. Likevel er ungdomane som kjenner på tøffe tider vårt ansvar, fordi dei er innbyggjarar og elevar i Møre og Romsdal, sa Bratli.

Høgres Monica Molvær sa at det dessverre er lite politikarane kan få gjort frå fylkestingssalen.

- Vi har ikkje makt og mynde over dei statlege tenestane, sa ho. – Det einaste vi kan gjere, er å påverke oppover.

Molvær leverte eit oversendingsforslag, som leggast ved protokollen: «Fylkestinget ber om at det vurderast eit felles møte med alle kommunane som har vidaregåande skolar for å diskutere psykisk helse og korleis jobbe målretta gjennom skolehelsetenesta. Helseføretaket, gjerne med BUP, bør inviterast til møtet. Orientering om vidare framdrift leggast fram for Ungdomspanelet og utdannings- og kompetanseutvalet.»

- Det er ikkje så mykje vi kan gjere, men dette kan vere steg ein, sa Molvær.