Vellukka samarbeid for Møre og Romsdal

Samarbeidsprosjektet Møre og Romsdal 2025 (MR2025) har så langt vore vellukka og har allereie vist seg verdifult.

Skriv ut

Det er konklusjonen frå fylkeskommunedirektøren. Tysdag får fylkesutvalet ei orientering om status for prosjektet.

MR2025 blei etablert i 2018 etter at regionreforma gjorde Møre og Romsdal til landets tredje minste fylke målt etter folketal. Møre og Romsdal måtte då vise seg som ein sterk region på nasjonalt nivå. Svaret på utfordringane var å etablere møteplassar og fellessatsingar.

I MR2025 har det blitt auka samarbeid, samling og samordning av offentleg sektor i fylket, og meir og betre samarbeid med statlege aktørar med hovudkontor utanfor fylket.

«Å opprette gode samarbeidsarenaer og informasjonskanalar mellom dei tre nivåa i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal - kommunar, fylkeskommune, statsforvaltar og statlege aktørar – er verdifullt for samfunnsutviklinga i fylket», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget. Og: «Samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå hjelper offentleg sektor å yte gode tenester til innbyggarane i fylket.»

I starten la MR2025 vekt på å etablere møteplassar som grunnlag for samarbeid mellom aktørane i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal. I dag er Nyttårskonferansen og Statetatmøte innarbeidd.

Etablering av møteplassane var vellukka og la grunnlag for fleire fellessatsingar på område som deltakarane prioriterer. Fellessatsingane er:

  • Digi Møre og Romsdal
  • Levekårsnettverket
  • Utviding av Ungt Entreprenørskap
  • Nullvisjon for utanforskap
  • Berekraftfylket
  • Statlege arbeidsplassar

Ei spørjeundersøking i mai 2021 som Møreforsking har gjort, viser at programmet er oppfatta som eit godt grep for Møre og Romsdal i forbindelse med regionreforma: «Generelle tendensar i materialet viser at respondentane meiner samarbeidet er betre enn i 2018, at programmet og tiltaka (spesielt Nyttårskonferansen og Berekraftfylket) har hatt god effekt på samarbeidet og at satsingane i programmet treff godt på sentrale tema som krev samarbeid. Anbefalinga er å fortsette å arbeide med dei same tema over tid og vidareutvikle satsingane», ifølge saksframlegget.eimes

Snarvegar

Kontakt