Vil etablere ei lokal båtrute når Nordøyruta avviklast

Fylkeskommunedirektøren vil etablere ei lokal båtrute mellom Ålesund og Store Kalvøy med to daglege turar på kvardagar, og bestillingsturar laurdag morgon og søndag ettermiddag.

Skriv ut

I tillegg blir det lagt opp til to bestillingsturar i veka til Store Kalvøy med ferje; onsdag og laurdag.

Store Kalvøy i Ålesund kommune har 11 busette. Dei blir i dag betent av ferje og hurtigbåt.

Med etableringa sikrar fylkeskommunedirektøren eit varig båttilbod til Store Kalvøy når noverande hurtigbåtrute, Nordøyruta, blir avvikla. Nordøyruta blei av fylkestinget bestemt nedlagt for å sikre finansieringa av Nordøyvegen.

Les: Ber Staten løyve tilskot for å redusere bompengetakstane

Fylkeskommunedirektøren har vurdert fleire alternativ til løysingar for båtrutetilbodet nord for Ålesund, og tilhøvet til den bompengefinansierte Nordøyvegen. Konklusjonen er at den beste løysinga er å opprette ei mindre lokal båtrute mellom Ålesund og Store Kalvøy.

- Ut i frå ei samla vurdering så vil eg tilrå denne løysinga. Viktige omsyn er mellom anna økonomi og samfunnsøkonomisk lønnsemd, mål om reduserte klimagassutslepp og reduserte bompengeinntekter, seier fylkeskommunedirektøren. Det er óg bestemt at nye hurtigbåttilbod ikkje skal bli oppretta før dagens utfordringar med  klima-/miljøutslepp og finansiering er løyst.

Det er foreslått lagt inn opsjonar på ekstra bestillingsturar som kan løysast ut dersom Ålesund kommune eller andre vil gå inn med finansiering.

- Innbyggarane på Nordøyane får eit nytt busstilbod, samtidig som «opningstida» for øyane blir betydeleg betra gjennom eit døgnopent vegsamband, seier fylkeskommunedirektøren.

Saka skal behandlast av samferdselsutvalet 4. oktober, og seinare i fylkesutvalet og fylkestinget 18. og 19. oktober.

Snarvegar

Kontakt